mandag 26. april 2010

Tobias 1 år

I går blei Tobias sin 1 års dag feira med familieselskap. Tobias er som dere kanskje har skjønt, tante sin lille gullklump. Ingenting er bedre enn å få ein god kos eller eit lite smil frå denne gutten her. Er sikker på at han kan sjarmere ein gråstein! Eg fekk æra av å lage krone til Tobias, sidan tante jobbar i barnehage og er vant til å lage krone :) Det var nok ikkje like stas å ha den på, men fekk tatt nokre bilde likevel!





søndag 25. april 2010

Guttekort

I anledning Tobias sin 1 års dag, grubla eg lenge på kva slags kort eg skulle lage til bursdagen hans. Eg synst det er mykje vansklegare å lage guttekort enn til jenter, det passar likssom ikkje alltid like godt med blonder og blomster til pynt. Eg kom etterkvart på at eg hadde nokre småe vintage kleshengere liggande som eg hadde lyst til å bruke! Då kom ideen om å kopiere vennina mi Anja litt! Ho har nemlig laga eit fint guttekort som eg var så heldig å få låne malen til. Anja selger også charms, så eg måtte sjølvsagt kjøpe nokre nye charms i same slengen :) På kortet til Tobias har eg pynta med skilpaddecharm.



Skissedilla # 56

Hei alle sammen! Prøver meg enda ein gang på vekas skisse hos Skissedilla. Eg har igjen scrappa ein LO med bilde av Tobias. Eg likar veldig godt skissene til Skissedilla, og synst det er kjempe kjekt å bruke desse skissene når eg scrappar. For tida har eg også dilla på å scrappe med skarpe, klare og reine fargar, så stilen min har forandra seg sidan eg begynte å scrappe. I begynnelsen gjekk det mykje i brunt, rosa og lyseblått/turkis.

For å ta igjen litt av grønnfargen, har eg spraya med grønn glimmermist på den kvite bazillen. Eg har også leita fram nokre gamle binders frå når eg gjekk på barneskulen og samla på binders!! Ellers så likar eg også godt litt artige og søte klistremerker av dyr, så her har eg brukt klistremerke av ein liten fugl, ei ugle og ei skilpadde.



søndag 18. april 2010

Blogcandy til LillMi's hverdagsboble

Fant enda ein fin blogg som det er verdt å ta ein titt på, nemlig LillMi's hverdagsboble. Siden eg ikkje er så godt kjent på bloggen, veit eg ikkje heilt korleis eg kan legge til bilde til høgre på bloggen, så då legg eg det inn her! Her er iallefall bilde av ein kjempe fin blogcandy! Tenk alt det fine ein kan lage av alle desse tinga her! Har forresten bestilt litt ting og tang frå Papir i hjertet og Bikuben i helga, gledar meg til eg får pakkane i posten :)

Blogcandy

For oss som scrapper, er internett ein veldig fin kilde til inspirasjon, tips og idear! Eg kan sitte i timesvis og kikke på alle scrappebloggane som finst på nettet! I dag har eg funne den fine bloggen til Hege-Annie, og ho deler ut ein blogcandy til ein av sine lesere! Sjekk den fine bloggen hennar :) Her er eit bilde av blogcandyen ein kan vinne:

Skissedilla #55

Hei alle sammen! Håper dere har hatt ei fin helg, sjølv om det snøva som berre det idag! Må ærlig innrømme at eg vart litt sur når eg kikka ut av vinduet idag, og såg at våren har tatt slutt igjen :( Synst det har vore nok snøv i år! Men, men, ein kan ikkje gjer noko med det, anna enn å prøve å kose seg så godt som ein kan!! Så for min sin del skal eg bruke dagen til litt scrapping :) Har igjen prøvd meg på vekas skisse hos Skissedilla. Eg har laga ein LO med bilde av Malin og Camilla. Bildet blei tatt då deira foreldre gifta seg, og som de ser hadde vi det veldig kjekt når vi tok bilde denne dagen (sjølv om det var kjempe kaldt å ta bilde ute med berre finstasen på). 




søndag 11. april 2010

Skissedilla # 54

Skissedilla har kvar veke konkurranse der ein kan vere med på å scrappe vekas skisse. Eg skal for første gang prøve å vere med på denne konkurransen, så eg håpar eg klarer å linke meg opp til denne vekas utfordring. Har lenge lurt på om eg skal lage meg blogg slik at eg kan vere med på konkurranser på nettet, så eg fant ut at den som intet våger, intet vinner. Så her er mitt bidrag til konkurransen:



Englekort

Då eg starta med scrapping, var det kort eg starta med å lage. For å ikkje bli lei av å lage kort, har det blitt mange forskjellige sortar kort desse åra eg har scrappa. No for tida har eg dillla på å lage englekort. Ideen har eg fått frå ei av mine venninner som også held på med scrapping. Har også stjelt ideen med å ha bilde på dette kortet av ei anna venninne :) Det er alltid like kjekt å sitte ilag med dei å scrappe, fordi vi kan gi kvarandre tips og idear! I dette innlegger vil eg vise nokre av dei siste englekorta eg har laga. Bryllupskortet har eg laga til sjefen min når ho gifta seg no i helga! Fargane rosa og turkis har eg valgt fordi det var dei fargane som eg trur skulle bli brukt i dette bryllupet. Kortet er pynta med fjær, charms, roser og hjerte som eg har spraya med blå glimmermist.







Det andre englekortet er til ei jente som har blitt 1 år, men allereie har rukke å fått sin eigen blogg som du kan besøke her. Kortet hennar har eg pynta ganske enkelt med fjær, bilde, klistremerke med tekst, glitterswirl og Hello Kitty charms.





Ha ein fortsatt fin søndag alle saman!

fredag 9. april 2010

Scrappetreff i mars

I mars var det årets begivenhet for alle scrappere i Ålesundsområdet. To flotte ”screpper” arrangerer to helger i året treff der alle scrappegale kan samlast ei heil helg med scrapping og sosialt samvær. Gymsalen i Spjelkavik Barneskule er stappfull av damer, og det blir laga mange fine LO’ar (albumside) desse to helgene. Treffet har også ein eigen butikk (Familieminner) i gymsalen, i mars var det faktisk tre butikkar på plass! Vi er ein liten venninegjeng som har dette som fast tradisjon, og det er alltid like spennande å få vite om vi får plass på treffet eller ikkje.


Sidan eg ikkje har fått laga noko LO etter at eg fekk blogg, legg eg ut nokre LO’ar som eg laga på treffet. Den første LO’en er av meg og tantebarnet mitt (favorittpersonen min å scrappe for tida). LO’en er ganske enkel, og har utgangspunkt i ei skisse vi fekk på treffet. Eg har pynta med chipboard stjerner som eg har spraya med glimmermist. Eg har også pynta med ei ugle i filt. Er hekta på å pynte med ugler sidan eg synst dei er så søte!


Neste LO'en er av meg og ei av mine beste venninner. Eg fekk den store æra av å vere forlovar i bryllupet hennar i februar, så dette er eit bilde som betyr veldig mykje for meg. Her har eg blant anna brukt bølgepapp, charms og fjær til å pynte med! Ein ting som er spesielt med scrapping, er at det berre er fantasien som sett grenser for kva ein kan pynte med! Rundt omkring i ditt eige hus ligg det alt mulig du kan bruke til pynt, det kan vere gamle boksider, smykke, stoff, knapper osv.



Tusen takk for at du kikker innom, og legg gjerne igjen ein kommentar! Kjekt å sjå om det er nokon innom bloggen min.  Håper alle får ei super fin helg, eg skal prøve å få scrappa litt i løpet av denne helga her :)

mandag 5. april 2010

Påskeegg


Sidan det har vore påske, har eg som sagt laga nokre påskeegg. Egga er frå Panduro, og dei er kjøpt på Bok og Media. Desse egga pyntar eg med forskjellige mønsterark, blonder og pynt. Ideen har eg fått får ei av mine beste venninner, bloggen hennar kan du besøke her: http://litjepia.blogspot.com/

Mitt lune hjørne


Legg ut eit bilde av min lille scrappekrok. Her kan eg sitte i djup konsentrasjon i timesvis og kose meg med å scrappe nye sider eller kort. Ser dessverre ikkje like ryddig ut heile tida :) Kan vere skikkelig "kaos" på bordet når eg dekker det med alt mulig utstyr, papir og pynt!!

søndag 4. april 2010

Ny i blogglandia


Då har eg endeleg bestemt meg på å ta steget ut i bloggverda :) Dette er nytt for meg, men skal gjere eit forsøk på å lage ein blogg der eg kan dele litt av mi kreative verd! Eg er titt og ofte innom alle mulige slags scrappesider på nettet, og på den måten finn eg mykje inspirasjon og idear til å halde på med favoritthobbyen min som er nettopp scrapping! Håpar min blogg kan vere til inspirasjon til andre med same interesse som meg! Legg gjerne igjen ein koseleg kommentar når du er innom bloggen min! Må vel også sjå om eg klarar å legge ved eit bilde til bloggen og sidan det er påske no, legg eg ut eit bilde av påskeegga eg har laga!