søndag 27. juni 2010

Kaos i mitt lune hjørne

Fekk ein gong eit spørsmål om det alltid var like ryddig og organisert i scrappekroken min, så eg tenkte eg måtte vise korleis det ser ut når eg sitt og lagar LOar! Etter litt konsentrert scrapping blir det nemlig ganske så kaotisk på arbeidspulten min! Eg finn verken saks, lim, bilde eller pynt.... kan tenke meg det er eit komisk syn når eg skal skyndte meg for å rekke tidsfristen til Skissedilla. Eg har i det siste nemlig funne ut at eg scrappar best under press, så derfor brukar eg å lage LOen til Skissedilla på to-tre timar (inkludert å ta bilde, redigere og legge ut innlegget på bloggen)!




Skissedilla #65

Det er igjen på tide med ein ny LO frå meg. No har det nesten blitt ein vane å lage LO til vekas skisse hos Skissedilla. Eg har nok laga ein litt meir clean løysning av denne skissa. Følte ikkje for å pynte med for mykje blomster og pynt denne gongen her. Synst det var viktig å få bildet fram i fokus. Eg har igjen brukt eit bilde av tantegutten min, Tobias. Dette er eit prøvebilde frå fotografen, så derfor er det signatur til fotografen på bildet.  I det siste har eg blitt veldig glad i å lage mine "eigne" mønsterark ved hjelp av glimmermist. Fant eit mønsterark som eg kunne legge opp på det kvite bazillarket og spraye på for å få dette fine mønsteret på arket. Synst det blei veldig fint. Grunnen til at eg har valgt å bruke blå, er fordi eg ville gjenta den fine augefargen til Tobias. Ellers har eg også sansen for prikka papir, så det har eg også brukt her. Eg har også brukt ein englevinge som eg har kjøpt på Emmas Verden. Ellers har eg også brukt ein rub on tekst som eg synst passa til bildet. To søte fuglar blei også brukt til å pynte denne LOen med. Ha ein fortsatt fin søndag.








søndag 20. juni 2010

Skissedilla #64

Her kjem vekas løysing på Skissedilla frå meg :) Eg har brukt eit bilde av Mathias, ein av guttane eg er fadder til! Det blei ein ganske clean LO denne gonger her. Hadde litt problem med å finne pynt eg kunne bruke til denne sida her. Eg tok derfor å teikna tre stjerner på det kvite bazillarket. Desse farga eg med Promarker tusja i dei same fargane som det er på den stripa T-skjorta. Ellers har eg brukt ei Prima grein i filt, stripa band, chipboard-stjerner og dymo tekst.







tirsdag 15. juni 2010

Ein av Skissedillas diller

Jippi, eg er så glad! For første gong blei eg valgt ut i ein scrappeutfordring :) Eg blei nemlig ein av favorittane til Skissedillas diller på 7 :) Du kan sjekke ut kven som blei valgt her

søndag 13. juni 2010

Skissedillaskisse #63 Butterfly

Då er søndagen her igjen, og det betyr at helga snart er over! Skulle gjerne ønske at helga var ein dag lengre, men den gong ei.... Eg har hatt ei super helg som starta i Geiranger ilag med alle dei kjekke folka på jobb. Vi hadde det veldig kjekt, og vi var så heldige å få vere på Hotell Union frå fredag til lørdag. Det blei mykje god mat og ikkje minst mykje latter og glede! Eg trur eg flira under snart heile turen, og eg trur verkeleg vi fekk ladda opp batteria våre sjølv om det blei litt rangling ;)

I dag har eg sjølvsagt laga ein ny LO til Skissedilla. Når eg såg skissa for første gong, bestemte eg meg raskt for at eg ville bruke dette bildet av June. Eg har tatt det fram mange gongar, men har ikkje klart å finne på noko. I mangel av ark med passande farge, bestemte eg meg for å leike meg litt med eit kvitt bazillark. Føler ikkje at arket blei så kvitt lengre! Har også brukt ein del rub'ons til denne LOen, eg simpelthen elskar rub'ons :) Fargane på bildet blei ikkje heilt det same som i virkeligheta, men det er dessverre ikkje så mykje eg kan gjer med det! Grønnfargen til glimmermisten var litt lysare og reinare i virkeligheta enn eg synst den blei på bildet! Ellers så synst eg sommarfugltemaet passa til bildet, så det blei likssom ein raud tråd i denne LOen her.






søndag 6. juni 2010

Utfordring #9 Scrappekammeret

Scrappekammeret har kammerpikenes fargeutfordring denne gangen. Oppgåva går ut på å bruke fargane brun, turkis og kvit denne gangen her. Dette er fargar som eg ofte brukar når eg scrappar, så ein kan trygt sei at dette er fargar eg er svært glad i! Til denne oppgåva har eg laga eit sjokoladekort (noko eg aldri har laga før) og eit ganske enkelt "velkommen til verden" kort. Eg har brukt duse brun (og beige)og turkisfargar på begge to, og dei samme papira har gått igjen. På sjokoladekortet har eg brukt kvite blomstrar, mens på fødselskortet har eg brukt kvite bling som pynt.  Har kjøpt meg ein ny Martha Stewart kantpunch med sommarfugl på, synst denne punchen var kjempe fin :)








Skissedillaskisse # 62

Hei alle saman! Håpar de har hatt ei fin helg og er klar for ei ny veke :) Idag har eg kosa meg med besøk av min kjære bror og tantegutten min Tobias. Det er alltid like kjekt å få besøk av dei! Var kjempe artig å sjå kor flink Tobias har blitt til å gå. Etter det koslege besøket, hadde eg sjølvsagt lyst til å scrappe litt bilde av Tobias. Eg har laga ein LO til vekas skisse på Skissedilla, bilda er frå Tobias sin bursdag. Har scrappa ein litt uvant stil for min del, men må no berre prøve likevel! Blei ein veldig blå LO, men eg har prøvd å få med litt fargar utan at det skulle kræsje heilt med bilda.