søndag 27. juni 2010

Skissedilla #65

Det er igjen på tide med ein ny LO frå meg. No har det nesten blitt ein vane å lage LO til vekas skisse hos Skissedilla. Eg har nok laga ein litt meir clean løysning av denne skissa. Følte ikkje for å pynte med for mykje blomster og pynt denne gongen her. Synst det var viktig å få bildet fram i fokus. Eg har igjen brukt eit bilde av tantegutten min, Tobias. Dette er eit prøvebilde frå fotografen, så derfor er det signatur til fotografen på bildet.  I det siste har eg blitt veldig glad i å lage mine "eigne" mønsterark ved hjelp av glimmermist. Fant eit mønsterark som eg kunne legge opp på det kvite bazillarket og spraye på for å få dette fine mønsteret på arket. Synst det blei veldig fint. Grunnen til at eg har valgt å bruke blå, er fordi eg ville gjenta den fine augefargen til Tobias. Ellers har eg også sansen for prikka papir, så det har eg også brukt her. Eg har også brukt ein englevinge som eg har kjøpt på Emmas Verden. Ellers har eg også brukt ein rub on tekst som eg synst passa til bildet. To søte fuglar blei også brukt til å pynte denne LOen med. Ha ein fortsatt fin søndag.








2 kommentarer:

  1. Denne var virkelig nydelig. Den var virkelig behaglig å se på, og bildet komm i fokus på tross av endel pynt. Du er veldig flink til å bruke glimmermist-

    SvarSlett
  2. Virkelig en FRESH side du har laget! Elsker glimmermisten og herlig farge! Gjennomført side.

    Takk for at du deltar

    SvarSlett