onsdag 14. juli 2010

Gåvepose

Her kjem det siste scrappeprosjektet mitt, også eit bestillingsoppdrag! Eg fekk i oppdrag å lage ein gåvepose som eine tanta mi skal gi vekk. Ho har sjølv fått ein sånn pose med meg før, så no lurte ho på om ikkje eg kunne lage ein som ho skulle gi vekk i vertinnegåve. Denne posen har eg fylt med stearinlys som eg har bunta sammen og laga enkel pynt på, eg har laga ei fyrstikkeske med englemotiv og så har eg laga ein eigen sjokoladepose. Hjertesjokoladen har eg kjøpt på Nille, men innpakninga har eg laga sjølv. Synst stempelteksta på sjokoladen passa så godt til dette.  Alt er til slutt pakka inn i cellofan.Håpar mottakaren blir glad i alle fall! Sidan det er råd å linke opp fleire løsningar hos Sukkersött på utfordringa : "Vis oss kva du gjer i sommar", linkar eg meg også til med dette bidraget. Ha ein fortsatt fin dag alle sammen ♥











1 kommentar: