søndag 12. september 2010

Skissedillaskisse #76

Hei alle sammen! Har vore litt stille her i det siste, har rett og slett mangla inspirasjon og lyst til å scrappe! No håpar eg at eg er tilbake igjen, det var iallefall endelig kjekt å sette seg ned å scrappe igjen! Har rett og slett blitt litt for mykje "pliktscrapping" eller kva eg skal kalle det for no i det siste, og då blir det ikkje like kjekt. Det som endra det no, var denne flotte skissa til Skissedilla. Synst den såg så kjekk ut, så då måtte eg berre prøve! Blei nokre tekniske hindringar i prosessen pga litt datatrøbbel, men det ordna seg heldigvis til slutt :)

Her er altså mi løysing på denne skissa. Det blei ein veldig enkel LO som ikkje inneheld så mykje stæsj. Bildet er igjen av det flotte tantebarnet mitt, Tobias <3. Blei litt dårlig kvalitet på bilda, men det går bra!









Ha ein fortsatt fin søndag alle sammen! No skal eg kose meg med vaflar :)

1 kommentar:

  1. Spreke farger, og kule bilder! Liker bakgrunnsmisten her!

    Takk for bidrag! Husk å lagre riktig, oppskrift finner du i fanen på Skissedilla!

    SvarSlett