Fekk ein gong eit spørsmål om det alltid var like ryddig og organisert i scrappekroken min, så eg tenkte eg måtte vise korleis det ser ut når eg sitt og lagar LOar! Etter litt konsentrert scrapping blir det nemlig ganske så kaotisk på arbeidspulten min! Eg finn verken saks, lim, bilde eller pynt.... kan tenke meg det er eit komisk syn når eg skal skyndte meg for å rekke tidsfristen til Skissedilla. Eg har i det siste nemlig funne ut at eg scrappar best under press, så derfor brukar eg å lage LOen til Skissedilla på to-tre timar (inkludert å ta bilde, redigere og legge ut innlegget på bloggen)!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar