søndag 30. oktober 2011

Skissedillaskisse # 134

No er det lenge sidan sist eg deltok på Skissedilla sine kjempe fine skisser. I helga har det vore scrappetreff, så då hadde eg endelig god tid til å sette meg ned å scrappe. Har så mange fine bilde av Jenny som eg har gleda meg til å få scrappe :) Valgte å gå for ei enkel løsning av skissa sidan eg ville at bildet skal ha hovudfokus. Eg ville ikkje ha alt for mykje stæsj rundt.




Ha ein fortsatt fin søndag alle sammen <3

søndag 4. september 2011

Dåpen til Jenny

Sjølv om eg ikkje hadde så mykje scrappelyst menst eg var gravid, var eg faktisk på scrappetreff helga før eg fekk Jenny. Det var nok ikkje mykje som blei gjort, men eg begynte allereie då å tenke litt på dåpen til Jenny. Det gjekk mykje tenking til både invitasjonar, bordkort og pynting til dåpen, og eg gledde meg veldig til å begynne med dette. Etter at Jenny blei født, var eg rask og bestilte stempel med bilde av Jenny på. Dette stempelet bestilte eg på : Scrapmagasinet. Stempelet brukte eg på både invitasjonen og bordkorta.




Sidan eg blir fort lei av å lage det samme opp igjen fleire gongar, måtte invitasjonen vere lett og rask å lage (blei litt rar farge på bildet av invitasjonen her). Eg brukte blant anna Martha Stewart sin hjertepunsj på mønsterarket. Bildet er som sagt stempla. Er ikkje heilt fornøyd med fargen på ramma rundt bildet. Ramma var egentlig kvit, og eg hadde ikkje rett rosafarge til å farge med, så det blei denne som vart best. Pynta også med ein blomster og eit rosa band med kvite prikkar på. Er nok veldig glad i dette bandet her sidan eg også har det i andre fargar (litt prikkedilla).

Eg hadde egentlig begynt å lage små sko som skulle vere bordkort, men blei rett og slett litt lei av pirkearbeidet og bestemte meg for å lage noko anna. Valget fall på lys med bilde av Jenny på. Eg laga lys til dei vaksne som eg pakka inn i cellofan. Navna til gjestane skreiv eg på samme bazillarka som eg brukte til invitasjonane. Det var litt arbeid, men likevel raskare å lage enn skoa. Barna fekk poser med godteri i staden for lys, noko som eg trur fall i smak med dei. Eg brukte også det same stempelet på lysa som eg brukte til å pynte borda med. På desse lysa brukte eg også nokre stempel med tekst på.





På bordet hadde eg lysfat med to lys, t-lysglass og ei halvkule med bilde av Jenny på. Halvkula har likna litt på eit forstørrelsesglass, så det ser litt rart ut på dette bildet her. Kjøpte desse halvkulene på Bok og Media, og under halvkulene kan du lime det du vil, om det er bilde eller eit fint mønsterark. Ellers på bordet hadde eg småe vaser med rosa peoner i.Dåpsfesten hadde vi heime med mine foreldre, som var så super snille og hjalp oss med det meste. Tante stilte opp og hjalp til med å lage kjempe god mat.







Bloggtørke

Heisann alle sammen! Det har vore veldig stille her på bloggen min. Etter at eg blei gravid i fjor, hadde eg ingen energi eller lyst til å skrive på bloggen. Scrappelysta var heller ikkje til stades. All den energien eg hadde brukte eg på å vere på jobb og gjere så godt eg kunne der, så når eg kom heim var det avslapning på sofaen som frista mest. Heldigvis resulterte denne perioda i det beste som har hendt meg;  nemlig lille prinsessa mi, Jenny.  Ho er berre verdens snillaste jente. Søv heile natta, bortsett frå eit måltid og smilet er på plass stort sett heile tida :) Tenk å vere så heldig, rein lykke rett og slett!



Denne skjønne prinsessa blir snart 5 måneder. Tenk at tida har gått så fort, og du utviklar deg for kvar dag som går! Du er berre den beste, og ord kan ikkje beskrive kor glad mamma er i deg  <3





søndag 19. september 2010

Skissedillaskisse #77

Hei alle sammen! På fredag var eg og nokre kollegaer samla på jobb for eit lite scrappetreff! Det var kjempe kjekt, og vi storkosa oss alle sammen. Eg var dessverre ikkje heilt innstilt for scrapping, trur eg var litt sliten etter arbeidsveka (det blei mykje overtrøtt humor på oss for å sei det sånn). Fekk likevel laga to LO'ar, men hadde egentlig håpa på at eg fekk laga meir.  Hadde på forhand bestemt meg for å scrappe skissa til Skissedilla, så eg fekk laga den. Veit ikkje om eg er heilt fornøyd, sleit litt med å finne papir som eg synst passa til skissa og bildet. Endte til slutt med ein LO som er litt retro/70 tallsinspirert når det gjeld fargane, men når eg tok bilde blei den grønne glimmermisten litt rar!

Ha ei fortsatt fin helg alle sammen! Eg må snart ta å få pakke ut scrappetinga mine frå fredagen, for det har blitt utsatt litt for lenge denne gangen her!!

søndag 12. september 2010

Skissedillaskisse #76

Hei alle sammen! Har vore litt stille her i det siste, har rett og slett mangla inspirasjon og lyst til å scrappe! No håpar eg at eg er tilbake igjen, det var iallefall endelig kjekt å sette seg ned å scrappe igjen! Har rett og slett blitt litt for mykje "pliktscrapping" eller kva eg skal kalle det for no i det siste, og då blir det ikkje like kjekt. Det som endra det no, var denne flotte skissa til Skissedilla. Synst den såg så kjekk ut, så då måtte eg berre prøve! Blei nokre tekniske hindringar i prosessen pga litt datatrøbbel, men det ordna seg heldigvis til slutt :)

Her er altså mi løysing på denne skissa. Det blei ein veldig enkel LO som ikkje inneheld så mykje stæsj. Bildet er igjen av det flotte tantebarnet mitt, Tobias <3. Blei litt dårlig kvalitet på bilda, men det går bra!









Ha ein fortsatt fin søndag alle sammen! No skal eg kose meg med vaflar :)

søndag 8. august 2010

Skissedillaskisse #71

Då er det på tide med ny skisse frå Skissedilla. Eg har vore med Anja nesten heile helga og scrappa, så denne LO'en blei laga laaaangt etter midnatt....








søndag 1. august 2010

Skissedilla # 70

Hei alle saman! Det har blitt lite blogging og scrapping på meg no i det siste pga ferien, men no skal eg prøve å komme sterkare tilbake! Idag er det siste dagen av ferien min, så i mårga er det tilbake på jobb ilag med dei søte, små i barnehagen :) Sidan det er siste feriedagen idag, synst eg det var på tide å kose seg med litt scrapping.

Eg har som "vanlig" prøvd meg på vekas skisse hos Skissedilla. Denne gongen er det Carrin som har laga skissa. Eg digga denne skissa her, men sleit litt med å bruke den idag. Har hatt litt scrappesperre når det gjeld LOar i det siste, så det var kanskje på tide å presse seg sjølv til å scrappe litt igjen!! Har forresten hatt dette sjarmtrollet her på besøk idag ♥