mandag 31. mai 2010

Ikkje fortvila lengre

Hehe, av og til er det bra å vere sta som eit esel... fekk nemlig til å legge til ein tellar likevel, så no skal dere sleppe sytet mitt :) For å ikkje ha enda eit innlegg utan bilde, legg eg ut eit bilde som betyr veldig mykje for meg. Bildet er av meg og tanteungen min Tobias. Han gir meg den beste klemmen (og våtaste kysset) ever. Tobias betyr kjempe mykje for meg, og eg skulle ønske eg fekk sjå han kvar dag! Dessverre sett avstanden ein stoppar for det, sjølv om han ikkje er så langt vekke likevel. Gledar meg til neste gong eg får ein sånn god klem :)

Fortvila

Litt fortvila akkurat no! Har så lyst å få ein teller på bloggen min, men får det ikkje til! Trudde eg endelig hadde funne løysinga, og la det ut... men den gang ei!! Den kom ut som eit innlegg istaden for, så ignorer det forrige innlegget mitt med ein teller på kor mange som er innom sida mi!!

Vintage utfordring hos Scrappekammeret

Scrappekammeret har ei utfordring der temaet er vintage. Ein kan lage det ein vil, berre det er laga i vintage stilen! Dette er ein stil eg likar veldig godt, men som eg ikkje føler eg beherskar så godt! Men ein av grunnane til at eg har valgt å lage meg blogg, er at eg ønskar å utfordre meg sjølv og presse meg til å prøve nye ting. Derfor fann eg ut at eg hadde lyst til å prøve denne utfordringa. Eg valgte då å pynte ein boks eg hadde liggande! Hadde på forhand bestemt meg for to element eg ville ha med på denne boksen. Det var då fuglen og liljene, noko eg etterkvart angra litt på! Grunnen til det var at eg sleit litt med å få det sånn eg ville, men sidan eg hadde bestemt meg for å bruke denne pynten ville eg ikkje gi meg....  Men eg blei ferdig til slutt, så no er eg klar til å delta på Scrappekammeret si utfordring for første gong :)





søndag 30. mai 2010

Skissedilla #61

No er det atter ein gong søndag igjen, og i dag har eg rett og slett berre kosa meg i det fine vêret vi har akkurat no! Sola skin frå knallblå himmel, og det er så deilig å endeleg kjenne varmen igjen. Idag har eg blant anna brukt dagen til å stelle litt i hagen, avslutta med grilling av god mat :) Håpar vêret held seg kjempe lenge!! Eg har også gjort ferdig vekas skisse til Skissedilla. Denne gangen her har eg drista meg til å bruke eit bilde av meg sjølv. Sleit litt med å få til denne skissa, men har no gjort eit forsøk. Eg føler at eg har blitt flinkare til å leike meg med LO'ane no, men denne her blei ikkje så leiken som eg kunna ha tenkt meg. Føler at skissa manglar litt fargar.

Bildet var det Anja som tok når vi var på Bjorli på jentetur. Vi hadde det kjempe kjekt når vi leika litt fotografar i skogen, og det blei mange fine bilde av alle 4 jentene. Gledar meg til neste gong vi skal på hyttetur ilag. Då trur eg at vi må pakke med oss scrappeutstyret vårt også(kanskje vi må ha to bilar for å få med oss alt utstyret..... hehe.... )



søndag 23. mai 2010

Extra cute 9

I ei av mine surferunder etter scrappeblogger, kom eg over bloggen til Thats just so cute. Synst det var ein veldig fin blogg, også fant eg ei kjempe artig utfordring. Bestemte meg for at denne måtte eg berre prøve. Tema til utfordringa var Eventyr, og ein står ganske fritt til korleis ein løyser oppgåva. Eg valgte to bilde av Tobias der han er veldig opptatt av den eine skoen sin. Han var faktisk meir opptatt av skoen som datt av foten, enn pakkane som han fekk til bursdagen sin. Etter ei lita idemyldring kom eg fram til at eg hadde lyst til å drodle litt, noko eg aldri har gjort før. Så eg scrapplifta litt eit clear ark eg hadde med piler og prikker med klare og sterke fargar. Dette passa meg kjempe bra, og eg storkosa meg der eg satt å tegna og fargela med promarker tusjane mine. Eg laga drodleramma før eg i det heile tatt hadde bestemt meg korlei eg skulle ha bilda på LOen. Føler at eg verkeleg utfordra meg sjølv med denne oppgåva her. Sidan tema til oppgåva var eventyr, synst eg det passa så godt med tittelen : Jeg fant, jeg fant. Trur eg har budd forlenge i eit bokmålsområde, fordi eg skreiv jeg istadenfor eg. Det kan sjølvsagt løysast ved å ta vekk J'en, men eg gidd ikkje å ta nye bilde for så å laste dei opp igjen på PCen igjen :)



Skissedilla #60

I dag er det søndag, og på tide å legge ut skissa mi til vekas utfordring hos Skissedilla. I går kveld hadde eg og to av mine beste venninner (Siham og Anja) ein koslig og kjekk scrappekveld. Det blei mykje skravling og litt scrapping. Laga ikkje så mykje denne kvelden, men eg laga blant anna løsninga til skisse # 60 hos Skissedillla. Eg har scrappa ein LO med bilde av Anja frå utdrikningslaget hennar i februar. Synst det var litt vanskelig å finne papir og pynt som passa til fargane på bildet av Anja, men kom fram til dette utgangspunktet her til slutt.




søndag 16. mai 2010

Trondheimstur

Sidan det er langhelg denne helga her, fann eg og min kjære ut at vi skulle ta oss ein tur til Trondheim i helga. Det blei sjølsagt litt shopping, men også mykje kos. Synst det er så deilig å komme seg litt vekk, og "gløyme" alt av husarbeid, jobb og alt ein skulla ha gjort. Når vi er i Trondheim er sjølvsagt Ikea obligatorisk for oss. Eg shoppa ikkje så mykje denne gangen her, men fekk kjøpt meg ei ny hylle/reol til scrappekroken og ei lampe med bedre arbeidslys når eg scrappar. Ellers var vi innom nokre kjøpesenter og eg kjøpte meg blant anna ei ny Bergansjakke og to nye sko :)


Her ser dere den nye hylla som har komt opp inne på scrappehjørnet mitt. Det blir ikkje noko problem og fylle opp denne hylla :) Var snar å skru opp reolen slik at Erling kunne henge den opp på veggen for meg! Eg var forresten ein tur innom Panduro også når eg var i Trondheim og fekk kjøpt litt scrappeutstyr. Vil til slutt ønske alle ein fortsatt god søndag og god 17.mai feiring imårga :)

Skissedillaskisse #59

Då er det søndag igjen, og det betyr at fristen snart har gått ut for vekas skisse hos Skissedilla. Eg har hatt lyst til å scrappe desse bilda av det flotte søskenbarnet mitt June! Ho er ein veldig kreativ person og ein kjempe flink fotograf. Det finst så mykje fine bilde av ho på blant anna bloggen hennar, noko som er veldig kjekt sidan eg er så glad i å scrappe og det blir ekstra artig å scrappe når ein har gode bilde som utgangspunkt. Når eg jobba med denne LOen her, fann eg ut at eg mangla svart glimmermist (om det finst?), men eg fant ut at eg ville prøve å bruke litt bobleplast istadenfor. Eg sverta dermed bobleplasten med svart blekk og laga avtrykk på bazillen med. Sidan det var eit røft bilde eg skulle scrappe, synst eg det var litt vanskelig med pynten. Eg endte til slutt opp med ein swirl av svarte bling og tre svarte sommarfugla. Valgte å bruke denne fargen på bokstavane for å ta opp litt av den oransje fargen som var på bildet.




søndag 9. mai 2010

Skissedilla #58

Tidligare idag satt eg meg som mål å scrappe vekas skisse på Skissedilla, og heldigvis så klarte eg å bli ferdig tidsnok. Eg sleit litt med å kome igang, fordi eg hadde så lyst å bruke bobleplast til å trykke måling på arket med. Det høyrer då med til historia at eg ikkje fant ein einaste bit med bobleplast, ikkje ein bitte liten bit ein gong! Så då måtte eg finne på noko anna. Eg fann eit bilde av søskenbarnet mitt June som eg hadde lyst til å bruke til LO'en min. Synst teksta Leken passa til bildet, og fann då også ut at eg ville leike meg litt med denne sida. Skulla sjølvsagt vore Leiken (sidan eg er nynorsktaus), og ikkje leken som eg har skreve. Det såg eg sjølvsagt ikkje før det var forseint.



Sukkerött utfordring #83

Prøver meg for første gang på ei utfordring hos Sukkersött. Oppgåva deira går ut på å lage eit gratulasjonskort med tema Til lykke der ein sjølv kan velge om det skal vere til bursdag, bryllup, dåp osv. Eg har valgt å lage eit kort til ein nyfødt prins som eg vil delta i denne konkurransen med. Kortet er laga med utgangspunkt i ein englevinge, som eg har pynta med fjær, blomster, charm, klistremerke og band. Det er ikkje så lett å sjå, men på charmen står det: Made with love. Synst den teksta passar så godt til eit sånt kort.


Koffert til Anja

Den 4. mai hadde ei av mine beste venninner, Anja , bursdag. I helga var jentegjengen samla heime med Anja til ein kjempe koslig kveld med god mat og ikkje minst godt selskap. Eg har ikkje flira så mykje på lenge, og eg trur at livet mitt blei forlenga med nokre år ekstra denne dagen. Det er alltid like kjekt når vi samlast, og vi pratar om alt mellom himmel og jord. Sidan Anja hadde bursdag, måtte ho sjølvsagt få pakke på dagen sin. Anja er også ein ihuga scrappar, og det blir til at vi på ein måte ubevist utfordrar kvarandre til å kome på nye måtar å pakke inn gåvene på. Eg grubla litt på kva i alle dagar eg skulle "pakke inn" gavane med, for vanleg innpakningspapir blei feil. Valget fall då på å pynte ein koffert som eg har kjøpt på Panduro. Kofferten måla eg først rosa, sverta kantane med brunt stempel og pynta den med bokstavar, blomster og sommarfugl. Inni kofferten gjøymd eg gåvene inn i litt silkepapir. Anja fekk sjølvsagt scrappeutstyr i pakka si. Ho fekk diverse stempel med norsk tekst på, glitterlim og glimmermist. Håpar du får bruk for dette og får laga mange fine kort og LO'ar.

Teller til bloggen

Hei alle sammen!! Må berre ha eit innlegg der eg får ut litt frustrasjon sjølv om det egentlig ikkje er så mykje å irritere seg over! Eg er forholdsvis ny i blogglandia, og det er også dette som fører til litt frustrasjon!! Eg finn nemlig ikkje ut korleis eg skal legge til ein teljar (counter) i bloggen min!! Skjønnar meg likssom ikkje heilt på kor eg skal legge til koden eg har fått til den teljaren eg vil bruke! Men kanskje det er like greit, trur ikkje akkurat at bloggen min er så populær akkurat! Men det kan no likevel vere kjekt å sjå om det er nokon som er innom å kikkar på sida mi. Kanskje det er nokon som kan hjelpe meg? Ellers er planen i dag å forsøke på å få scrappa litt. Trur eg skal blant anna prøve meg på vekas skisse hos Skissedilla. Fristen er klokka 22.00 i dag, så eg bør rekke det. Må berre få ein ide på korleis eg skal løyse skissa denna gongen her :) Ha ein fortsatt fin søndag alle sammen!