onsdag 14. juli 2010

Bryllupskort

Her kjem endelig ei lita oppdatering frå meg! Er litt stille her no sidan eg endeleg har begynt på ferien min! Forrige veke kosa eg meg på Kreta ilag med sambuaren min, og det var deilig å endeleg få ei heil veke med sol og varme. Sommarværet her heime er ikkje akkurat så mykje å skryte av, men eg håpar det endrar seg snart så vi får nyte litt varme alle sammen! Men nok om det, no er det på tide med litt scrappeprat ;)

I sommar har eg ikkje scrappa så mykje enda, men eg har iallefall fått laga litt! Sukkerött har ei sommarutfordring som går ut på at vi skal vise dei kva vi gjer på i sommar. Eg starta sommaren med å lage eit kort som er bestilt til eit bryllup. Søstra til eine bestevenninna mi gifta seg nettopp, så eg fekk i oppdrag å lage bryllupskort til ho! Bruda er også scrappegal, så då ville eg gjerne lage eit litt spesielt kort til ho. Bestemte meg for å lage eit kort eg aldri har laga før, nemlig eit pyramidekort. Fant forskjellig malar på nettet som hjalp meg litt på veg. Bilda av kortet blei litt dårlige, men det kan eg ikkje gjere noko med sidan kortet allereie er gitt vekk :)











1 kommentar: