søndag 18. juli 2010

Skissedillaskisse #68

Då er det atter igjen søndag og på tide å legge ut mi skissedilleløysing. Skissa denne gongen finn du her. Eg har scrappa eit bilde av Tobias som eg likar veldig godt, synst stemninga på bildet er så fin! Eg valgte å bruke dialekt på tittelen til denne LO'en her : Ska tru ka du tenke på? Synst berre den passa så fint til bilde. Ellers prøvar eg å blir flinkare til å bruke journaling på LOane, men det er litt vanskeleg for meg pga at eg ofte føler at eg øydelegg LOen når eg brukar mi handsskrift! Denne gongen her har eg skreve litt skeivt, men har bestemt meg for å prøve og ikkje henge meg opp i akkurat det! Journalinga kan vere kjekk å ha når ein blir gamal og grå, og hukommelsen ikkje er like bra lengre.....

Har som "vanlig" spraya arket med glimmermist først for å lage litt liv i arket. Har funne mønsterpapir som tek igjen fargane på kleda til Tobias. Har også klipt ut ei grein med ei ugle på som eg synst var litt artig. Eg har laga svart kontur rundt ugla, greina og skyene som eg klipte ut på frihand. Det valgte eg å gjere fordi det vart litt flatt og kjedelig utan konturen. Pynta med ei søt, lita ugle som eg faktisk fann på ein leikebutikk.












Ha ein fortsatt fin søndag alle saman. Eg har fortsatt to veker med ferie igjen som skal nytast som berre det :)

3 kommentarer:

  1. Denne var jo bare kjempesøt :) For et nydelig bilde!!! Og så fint du har tatt opp fargene fra bildet. Utrolig søte skyer!!! Og så elsker jeg de uglene!!! Kjempesøte! Tusen takk for at du deltar hos Skissedilla.

    SvarSlett
  2. En herlig LO i superdeilige farger!
    Leken og stilig!

    SvarSlett
  3. Så flott det var :) Herlige farger!

    SvarSlett