søndag 11. april 2010

Englekort

Då eg starta med scrapping, var det kort eg starta med å lage. For å ikkje bli lei av å lage kort, har det blitt mange forskjellige sortar kort desse åra eg har scrappa. No for tida har eg dillla på å lage englekort. Ideen har eg fått frå ei av mine venninner som også held på med scrapping. Har også stjelt ideen med å ha bilde på dette kortet av ei anna venninne :) Det er alltid like kjekt å sitte ilag med dei å scrappe, fordi vi kan gi kvarandre tips og idear! I dette innlegger vil eg vise nokre av dei siste englekorta eg har laga. Bryllupskortet har eg laga til sjefen min når ho gifta seg no i helga! Fargane rosa og turkis har eg valgt fordi det var dei fargane som eg trur skulle bli brukt i dette bryllupet. Kortet er pynta med fjær, charms, roser og hjerte som eg har spraya med blå glimmermist.







Det andre englekortet er til ei jente som har blitt 1 år, men allereie har rukke å fått sin eigen blogg som du kan besøke her. Kortet hennar har eg pynta ganske enkelt med fjær, bilde, klistremerke med tekst, glitterswirl og Hello Kitty charms.





Ha ein fortsatt fin søndag alle saman!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar