Sidan eg ikkje har fått laga noko LO etter at eg fekk blogg, legg eg ut nokre LO’ar som eg laga på treffet. Den første LO’en er av meg og tantebarnet mitt (favorittpersonen min å scrappe for tida). LO’en er ganske enkel, og har utgangspunkt i ei skisse vi fekk på treffet. Eg har pynta med chipboard stjerner som eg har spraya med glimmermist. Eg har også pynta med ei ugle i filt. Er hekta på å pynte med ugler sidan eg synst dei er så søte!
Neste LO'en er av meg og ei av mine beste venninner. Eg fekk den store æra av å vere forlovar i bryllupet hennar i februar, så dette er eit bilde som betyr veldig mykje for meg. Her har eg blant anna brukt bølgepapp, charms og fjær til å pynte med! Ein ting som er spesielt med scrapping, er at det berre er fantasien som sett grenser for kva ein kan pynte med! Rundt omkring i ditt eige hus ligg det alt mulig du kan bruke til pynt, det kan vere gamle boksider, smykke, stoff, knapper osv.
Tusen takk for at du kikker innom, og legg gjerne igjen ein kommentar! Kjekt å sjå om det er nokon innom bloggen min. Håper alle får ei super fin helg, eg skal prøve å få scrappa litt i løpet av denne helga her :)
Gratulerer med kjempe flott blogg Aina!! :) Gleder meg til å følge deg her! Vi må no få til et scrappetreff på bhg også, eller hva?
SvarSlettHa ei kjempefin helg snuppa :)
Tusen takk Karina :) Scrappetreff på jobb må me få t ja, d hadde vore kjempe kjekt! Du må ha ei fin helg du også søta :) Snakkast på mandag :)
SvarSlettLekker LO av brud og forlover! Glemte å Gratulere med blogg i den første kommentaren, så da gjør jeg det her :)
SvarSlettTurid :)
Tusen takk Turid! Har vore nokre gongar innom din blogg, og du har ei kjempe fin blogg :) Kjekt å få kikke innom andre og få litt inspirasjon :)
SvarSlett