søndag 13. juni 2010

Skissedillaskisse #63 Butterfly

Då er søndagen her igjen, og det betyr at helga snart er over! Skulle gjerne ønske at helga var ein dag lengre, men den gong ei.... Eg har hatt ei super helg som starta i Geiranger ilag med alle dei kjekke folka på jobb. Vi hadde det veldig kjekt, og vi var så heldige å få vere på Hotell Union frå fredag til lørdag. Det blei mykje god mat og ikkje minst mykje latter og glede! Eg trur eg flira under snart heile turen, og eg trur verkeleg vi fekk ladda opp batteria våre sjølv om det blei litt rangling ;)

I dag har eg sjølvsagt laga ein ny LO til Skissedilla. Når eg såg skissa for første gong, bestemte eg meg raskt for at eg ville bruke dette bildet av June. Eg har tatt det fram mange gongar, men har ikkje klart å finne på noko. I mangel av ark med passande farge, bestemte eg meg for å leike meg litt med eit kvitt bazillark. Føler ikkje at arket blei så kvitt lengre! Har også brukt ein del rub'ons til denne LOen, eg simpelthen elskar rub'ons :) Fargane på bildet blei ikkje heilt det same som i virkeligheta, men det er dessverre ikkje så mykje eg kan gjer med det! Grønnfargen til glimmermisten var litt lysare og reinare i virkeligheta enn eg synst den blei på bildet! Ellers så synst eg sommarfugltemaet passa til bildet, så det blei likssom ein raud tråd i denne LOen her.






5 kommentarer:

  1. Denne var bare helt nydelig. Arket var ikke kvitt og kjedelig lenger. Flotte farger.

    SvarSlett
  2. Nydelig!! Utrolig fin! elsker alt ved denne!

    Takk for bidrag!

    SvarSlett
  3. Tusen takk alle sammen :)

    SvarSlett
  4. Gratulerer så masse med dilla på 7; det fortjente du virkelig; denne var bare Lekker med stor L!!!!!

    SvarSlett