søndag 19. september 2010

Skissedillaskisse #77

Hei alle sammen! På fredag var eg og nokre kollegaer samla på jobb for eit lite scrappetreff! Det var kjempe kjekt, og vi storkosa oss alle sammen. Eg var dessverre ikkje heilt innstilt for scrapping, trur eg var litt sliten etter arbeidsveka (det blei mykje overtrøtt humor på oss for å sei det sånn). Fekk likevel laga to LO'ar, men hadde egentlig håpa på at eg fekk laga meir.  Hadde på forhand bestemt meg for å scrappe skissa til Skissedilla, så eg fekk laga den. Veit ikkje om eg er heilt fornøyd, sleit litt med å finne papir som eg synst passa til skissa og bildet. Endte til slutt med ein LO som er litt retro/70 tallsinspirert når det gjeld fargane, men når eg tok bilde blei den grønne glimmermisten litt rar!

Ha ei fortsatt fin helg alle sammen! Eg må snart ta å få pakke ut scrappetinga mine frå fredagen, for det har blitt utsatt litt for lenge denne gangen her!!

1 kommentar:

  1. Så tøff LO!

    Spreke farger og søøøt ugle! Morsomme minner å ha!

    Takk for bidrag!

    SvarSlett