søndag 4. september 2011

Dåpen til Jenny

Sjølv om eg ikkje hadde så mykje scrappelyst menst eg var gravid, var eg faktisk på scrappetreff helga før eg fekk Jenny. Det var nok ikkje mykje som blei gjort, men eg begynte allereie då å tenke litt på dåpen til Jenny. Det gjekk mykje tenking til både invitasjonar, bordkort og pynting til dåpen, og eg gledde meg veldig til å begynne med dette. Etter at Jenny blei født, var eg rask og bestilte stempel med bilde av Jenny på. Dette stempelet bestilte eg på : Scrapmagasinet. Stempelet brukte eg på både invitasjonen og bordkorta.




Sidan eg blir fort lei av å lage det samme opp igjen fleire gongar, måtte invitasjonen vere lett og rask å lage (blei litt rar farge på bildet av invitasjonen her). Eg brukte blant anna Martha Stewart sin hjertepunsj på mønsterarket. Bildet er som sagt stempla. Er ikkje heilt fornøyd med fargen på ramma rundt bildet. Ramma var egentlig kvit, og eg hadde ikkje rett rosafarge til å farge med, så det blei denne som vart best. Pynta også med ein blomster og eit rosa band med kvite prikkar på. Er nok veldig glad i dette bandet her sidan eg også har det i andre fargar (litt prikkedilla).

Eg hadde egentlig begynt å lage små sko som skulle vere bordkort, men blei rett og slett litt lei av pirkearbeidet og bestemte meg for å lage noko anna. Valget fall på lys med bilde av Jenny på. Eg laga lys til dei vaksne som eg pakka inn i cellofan. Navna til gjestane skreiv eg på samme bazillarka som eg brukte til invitasjonane. Det var litt arbeid, men likevel raskare å lage enn skoa. Barna fekk poser med godteri i staden for lys, noko som eg trur fall i smak med dei. Eg brukte også det same stempelet på lysa som eg brukte til å pynte borda med. På desse lysa brukte eg også nokre stempel med tekst på.





På bordet hadde eg lysfat med to lys, t-lysglass og ei halvkule med bilde av Jenny på. Halvkula har likna litt på eit forstørrelsesglass, så det ser litt rart ut på dette bildet her. Kjøpte desse halvkulene på Bok og Media, og under halvkulene kan du lime det du vil, om det er bilde eller eit fint mønsterark. Ellers på bordet hadde eg småe vaser med rosa peoner i.Dåpsfesten hadde vi heime med mine foreldre, som var så super snille og hjalp oss med det meste. Tante stilte opp og hjalp til med å lage kjempe god mat.







1 kommentar: